Aktiviteter i nærområdet

Utforsk flotte Hustadnes

fjellturer

Fjellturar

Likar du å gå turar i fjellet er dette staden for deg.
Her er eit mangfold av tindar som står klar til å bestigast. Her kan ein velge alt etter vanskegrad og ein finn mange spennande turar alt frå toppturar, klatreturar eller turar i ein av dalane.

For meir informasjon sjå Ålesund og Sunnmøre Turistforening.

Fiske

Hustadnes Fjordhytter ligg ved fjorden og her er det verdt å prøve fiskelykka.
Frå pirane kan ein fiske både sei, lyr, makrell osv. Det har vorte fange både havål og laks i frå pirane. Om ein vil kan ein leige båt og fiske på fjorden eller du kan fiske etter laks i Bondalselva.

Laksefiske
Lakseelva Bondalselva ligg 1.3 km frå Hustadneset. Her blir det fiska mykje laks og aure.

Fiskekort får ein kjøpt i Sæbø.

Fisk
Fjord

Båttur på fjorden

Ein båt tur på fjorden ein fineversdag er å anbefale!
Der kan du nyte utsikta mot alle fjelltoppane i Hjørundfjorden.

Ørsta Skisenter

Ørsta Skisenter ligg 15 minutt i frå Hustadnes Fjordhytter.

For åpningstider, prisar, kart/traséar, og kjøp av kort direkte på nett – sjå heimesidene til Ørsta Skisenter her.

Skisenter
Jakt

Jakt

For jaktinterresserte er dei i nærområdet mogleg å få kjøpe hjortevilt for felling i jaktsesongen. Jakt perioda er frå 01. september til 23. desember.

​Kontakt oss om du ønsker fellingsløyve.